onsdag 6. august 2008

Ridderspore på kjøkenbordet.....


Under sist søndagsfrokost, satt mor mi på 77 i rullestolen sin ved kjøkenbordet hos oss og nytte ferske rundstykke med rørt jordbærsylte og ferske smilande egg frå eigne høner. Sola skein inn over bordet og opp i ein bukett blå ridderspore som sto der i ein glasvase.... Mor sat og betrakta blomane ei lita stund. Tydelegvis var ho i tankar, lette og glade tankar denne gongen. Ofte det siste halve året har ho sunke inn i tunge tankar. Saknet etter far som døydde frå henne og oss på juledag har vore tungt. Men denne gongen var ho tilbake i barndomens sommargleder: " I huska sa blomstranj, o mor hadde slike uti beda sin. Dei passa akkurat te å putte en fenger innji." Dette måtte eg prøve. Så eg lirka veslefingeren opp i den runde lomma til blomen. Sanneleg var den heilt perfekt passform til ein liten finger. "I brukt å sætt en på kvar fenger" Ho smilte, vart ivrig og gla'. Vi lo og kosa oss over at ho fann fram eit slikt lite minne frå hennar småjentedagars sommar. Slik er det; vi har alle våre konkrete minner knytt til blomar og småkryp frå vi var små. I tillegg til å fortape oss i synet av dei, undersøkte vi blomane, leika med dei, brukte dei i fantasi- og leikeverda vi levde i. Som vaksne er vi ofte fornøgd med berre synet....

Sjøl har eg glade sommarminner knytta til tiriltunga. Dei minner meg om somrane på heimgarden til far min, der vi syskenbarna leika intenst og mykje ilag, tett på natur og naturfenomen. Tuene med tiriltunge lyste sommargule og glade ved kantane av den smale og kvitgrusa vegen med grasfelt midt etter, eller oppe på skrinne tuer og skrentar. Ei kusine viste meg eit lite "triks": Inni tiriltunga var eit lite horn. Om eg klemte litt bak på det hornet, kom det ut noko rart. Det var eigentlig pollenlageret som låg gøymt inni der, og når vi pressa hornet flatt, kom ei stripe pollen-pasta ut. Vi kunne sitte lange stunderved tuene, i bekymringslause sommardagar, og presse ut pollen medan vi prata, lo og kosa oss i sola.


Mange har sikkert liknande minner, kanskje om andre blomster, som har fått "gjennomgå" av nysgjerrige hender på forskarferd i den botaniske verda......
Deler du eit barnleg minne? Kommenter gjerne.

Ingen kommentarer: