Geirmund og eg fann oss ei frilomme laurdag, til å gjere ein tur vi lenge har hatt lyst til. Vi var avhengige av fint ver og rolege vindforhold, og det var der på laurdag. Jenta vi har plassert hos oss, var på dagsbesøk hos mor si, og gutane var ute på sine ting, så ingen ting var i vegen for å ta turen. Vi pakka sekk, trilla ut båten, hekta han bak på bilen og køyrde bort på hamna og sjøsette. Erkna neste, pass opp her kjem vi!! "Hera" var lettmatros med lett skepsis til sjølivet, men takla det fint. Her kjem nokre glimt frå ein herleg tur ut i havgapet. Erkna låg og venta på oss som ei perle der ute. Havørna gjorde ei flott oppvisning for oss, der ho segla rundt i slake svingar over havriket sitt. Sauer gjekk på beite og markblomane sto endå friske i fargen og lyste mot oss. Det vart ei herleg natur- og frihetsoppleving!!
2 kommentarer:
Heisann!
Var kjekt å prate med dokke i telefonen da dokke va på den turen der. Dokke hørtes så glade og fornøgde ut. :)
stor klem!
Har mista fleire kommentarer men prøver igjen. Koselige reiseskildringer du he. Føler ein er med på turen. Vi he hatt ei deilig helg på Hellesylt. Epleplukking, peiskos og speling med ungane. Go start på ein flott haust.
Legg inn en kommentar