Det er mandag morgon og tenåringane i huset er reist på skule, storebror og far på jobb. Ei lita gyllen stund for blogg-skriving, før eg tar fatt på dagens øvrige gjeremål.
Livet på trappa har endra seg noko den seinare tid: Dei lange og seine kveldane med tekopp i handa er over. No er trappa i aktiv bruk som lufteplass for fuktige, sure fjellsko, og er blitt ein ynda leikeplass for kattungen i huset. Hera, springeren vår, har fortsatt trappa som base og utsiktsplass, ligg der som ei løve på "løvebakken" og speidar utover. Eg sjøl sit der helst ei lita økt på ettermiddagen, når sola har kome rundt på trappesida og fått tørka opp doggen. Eller når sola er i ferd med å gå ned. må få med meg alle dei vakre fargane.... Kanskje eg samlar dei til å leve på i vintermørke dagar? Solstrålane er blitt skråe og meir gyldne om dagane, og skaper lange skuggar. Doggen kjem fort og legg seg tett i dei etter kvart lange og breie skuggepartia. Men eg nyt vindstilla og gode temperaturar både i luft og vatn. Igår bada eg i sjøen att, herleg! Ei forfriskande avslutting av fotturen Giske øya rundt, i strandkanten, saman med Geirmund.
Reint velbehag, blanda med eit bittelite vemod over ein sommar på hell?
Korleis er haustsommaren eller sommarhausten hos deg?
1 kommentar:
Her på Østlandet er været veldig skiftende- den ene dagen skinner sola og det er rundt tjue grader, neste dag er det grått, vått og kaldt.
Merker at det går mot høst fordi det er mindre insekter i lufta, de første gule bjørkebladene er observert og det er bare noen få plussgrader ute når vi står opp i sekstida om morgenen.
Legg inn en kommentar