mandag 22. september 2008

Feiring av septemberbarna

Denne helga var full av glade klemmar, ivrige samtalar, masse latter og aktivitet, inne og ute på tunet. Søster og svoger frå Troms kom på haustvisitt, barna deira som er spreidd rundt i landet, kom også flygande og køyrande for å nyte familiefellesskap og feire bursdagane sine. Og når først så mange vart samla, kunne vi like godt ha ope hus her og invitere resten av søstrene med familier samt ho gamlemor.... som tenkt, så gjort. Vi spleisa på ei felles marsipan-bursdagskake (i tillegg til at dei andre tok med seg heimelage skuffekaker attåt), laga to store gryter med duftande "brennsnut", gourmetversjon, med urter og grønsaker frå hagen. Når 30 stk er samla :-) må storgrytene fram.......
Dermed fekk tre nevøar, ei niese, ein svoger og eg sjøl feira dagane våre i september i fellesskap for første gong. Verkeleg artig var det!
Ho gamlemor tok vi med på en trilletur ute i solnedgangen, og ho fortsatte å rangle utover kvelden, hadde det ikkje travelt med å skulle heim. Når ho ringte heimetenesta for å varsle at dei ikkje trengte å kome innom ho den kvelden, varsla ho med det same at dei måtte ikkje kome for tidleg neste morgon, til rungande lattersalver frå resten av selskapet.
Ja, slik er det når ein er velsigna med stor familie og får glede seg ilag med sine.
Og trappa? Ja, ho bar alle stega, små og store, inn og ut...., ein litt hektisk og aktiv dag denne gongen, og lite trappesitting.... Her gror nok ikkje mose på denne trappa!

Ingen kommentarer: