Livet er alle dei små stundene i løpet av ein dag. Det er også den pulsen og rytmen som kvardagen inneheld. For ikkje å snakke om dei overraskande innslaga som eg ikkje såg eller venta. Likeså dei impulsive gjeremåla, og dei som eg planlegg og utfører gjennomtenkt og etter nøye vurdering. Men ikkje minst, dei lange linjene, som er summen av alt, der eg kjenner etter om eg er på rett spor, om eg er der eg vil vere.
Kunsten er å vere tilstade der ein er, akkurat no, med full tyngde, kjenne etter kva som tilfører energi og glede og ta det inn. Kanskje er det noko så trivielt som å rydde oppvaskbenken? Koste trappa, plukke vekk nokre døde blad frå ei plante? Kanskje er det å ta ein titt innom naboen? kanskje er det å fordjupe seg i ein interessant artikkel? Kanskje er det å planlegge eit lenge forsømt prosjekt og gjere nokre praktiske førebuingar?
Eg slit litt med å samle fokus mot ein ting for tida. Her er så mange rundt meg no som har mi oppmerksomhet og krev tida mi. Det er skulestart og ting skal kome i gjenge falle inn i ein rytme. Vi har fått ei ny jente i huset å bli kjent med, 13 år, ei lang, hengslete,usikker og tafatt jente som sjøl skal bli kjent både med oss og ein heilt ny skule og klasse. Heldigvis er gutane våre i gang på kjent arena, Vegard i 10. kl og Åsmund siste året på TAF/vgs. Kvardagen vår begynner å ta ei slags form, men det er endå mykje som skal falle inn i forma og fylle den. Dei mange arbeidoppgåvene ein heim består av må delast på fellesskapet. Avtalar må gjerast, lister må skrivast, erfaringar må haustast..... Eg føler at mi rolle akkurat no er backup og systemutviklar for "heimebedrifta", samt tilretteleggar og oppfølgar av beredskapsoppdraget midt oppi alt. Mange trådar å trekke i! Mine eigne ting får vere litt i bakgrunnen, til det byd seg ei lomme. Som for eksempel denne, at eg sit her og skriv........
Kattungen ligg og søv oppå veverenninga i vevstolen, hunden oppi skuvsenga bak meg, mens P1 står svakt på med musikk, og sola strøymer skrått innover golva og skaper ei lys og lun atmosfære. Eit blikk ut gjennom vinduet, og augene fell på alle dei raude epla som skin oppi epletreet rett utanfor. Slik er det hos meg akkurat no.......
1 kommentar:
Så fint det var å lese øyeblikksrapporten din. :) Nesten som å være der selv.
Fikk fryktelig lyst på varm, fersk, kanelduftende eplekake da jeg leste de siste setningene!... ;)
Legg inn en kommentar