Ingebrigt Davik sin song fortel det meste om ein sommar heime, ved havet. Slik har mykje av sommaren vore for meg og familien i år. Og vi har nytt den! "Jag trivs best i öppna landskap- nära havet vill jag bo" er ein annan song eg kjenner er godt å synge. Grå dagar og solskinsdagar vekslar på, og det er best å leve med i det som kjem. Akkurat i skrivande stund har vi hatt strålande sommarver og temperaturar som får oss til å gå nakne og berrføtt ut i sommardagen som blir bydd oss. Nokre gode minner frå denne sommaren må vere vandringsturar langs strender og svaberg, både her heime, i ytre Romsdal (Ona), på Sola i Stavanger og uti ytste Sogn, så langt vest det er råd å kome.......
Barnebarna hadde vi glede av å ha på besøk i nærmare to veker i år. Går endå og plukkar småleiker på rare plassar....:-) Trehjulsykkelen Tuffe, som våre eigne barn har slete på og som barnebarna no bruker flittig, står enda på tunet med lasteskuffen demontert og slengt i graset.... spor etter aktive dagar på tunet hjå bestemor og bestefar.
Vi to "gamle" fekk oss tre gylne dagar, etter feriegjestane var reist, som sykkelturistar, med sovepose, telt og stormkjøken med, gjennom vakre dalar og fjordar i indre, søre Sunnmøre (Standal, Øye og Norangsdalen!). Ikkje så mange mil ...., men mange, og gode, stopp for å få med natur- og kulturopplevingane langsmed leia.Til dykk som kunne tenke dykk å prøve vår "golden route" på to hjul: Norangsdalen må syklast sakte og med mange og lange stopp! Beundre bergfruene, snakke med sauene, bade i vatna, ete lunsj ved ei gamalt sæterbu, legge seg i moseseng, stikke hovudet ned i ein frisk fjellbekk, ete nokre blåbær..... Vidare: Ferje frå Hellesylt sende oss inn gjennom fantastiske fjordarmar i verdsarv-klasse, heilt til inste stopp, Geiranger. Der inne kokte det av turisme og lyden av mange språk. Derfrå var Hurtigruta ein god ven, som frakta oss med stil og verdighet og mange flotte naturscenaria, tilbake til Ålesund. Då var vi nesten heime, berre ein rask tripp over fjorden med hurtigbåt og dei siste seks kilometrane til vi trøytte og svært fornøgde kunne svinge inn på tunet heime.
Men det var ikkje alt: Vel heime, nydusja og med eit måltid mat i magen, sykla vi vidare..... til musikalsk sommarfest på Giske. Langt over midnatt var vi atter på to hjul mot heimen, med lyden frå musikken over sjøen, ein raud vesthimmel og ein lysande måneskalk i aust som kulissar. Vel inne på tunet att, sette vi oss i hagen med levande lys og kvitvin i stettglas. Slike netter må levast og opplevast. Velsigna godt var det å endeleg få legge seg til kvile i eiga seng, med kvite og svale sengeklede, og resten av helga framføre...... Livet er ikkje det verste ein har....
Andre med gode sommarminne å dele?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar