Ei umulighet, egentlig, men vi fikk det til, ved hjelp av samanfallande friperioder, samarbeidande beredskapsfedre og smidige avtalar framfor nytt oppdrag; Fire av fem beredskapsmødre på Sunnmøre sette kvarandre stemne inst inni Hellesylt, innimellom høge bratte fjell, ville fossestryk, frodige enger og åkrar. Eitt, fortetta døgn saman, for avkobling, fellesskap og gjensidig inspirasjon og støtte, -i eit arbeid som opplevest intenst, meiningsfylt og givande, men også tøft og energitappande til tider.
-Å involvere seg i, og yte omsorg for barn og familier i krise er både sterkt og tøft. Vår bit er å ta vare på dei mest sårbare, borna, når livet slår seg vrangt og foreldra treng hjelp. Og det er med stor audmjukhet og erbødighet vi tar imot andres barn i heimane våre. Og vi kjenner oss priviligert, som får vere gjester i andres liv på denne måten. Å vere nær, tilgjengeleg omsorgsperson for barn i krise krev både sensitivitet og evne til å sjå og tolke andre språk enn det verbale. Ein skal vere både romsleg og grensesettande. Med arbeidstid døgnet rundt, må ein bli flink på det å ta vare på seg sjøl og familien sin midt oppi alt.
Når fire damer med dette spesielle arbeidsfeltet møtes til avkobling mellom fossefalla i indre Sunnmøre, er det for å bli endå litt bedre kjende med kvarandre, uten at det faglege er i sentrum. Slikt blir det mykje raus humor og hjertelege lattersalvar av! ;-) Og saman med god mat og drikke utover kveld og natt, og med mesteparten av sommaren framføre, kan ikkje det bli anna enn ei herleg oase. Vi treng slike oaser i dette gamet!
Takk til Inger Lise for at ho stilte sommarhuset deira til disposisjon. Og vi gler oss til neste sprell! Om det byr seg ein gyllen sjanse att....... Sjølsagt gjer det det! Vi er jo blitt ekspertar på å gripe mulighetene!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar