Hadde planlagt å dra og besøke mi kjære eldre nabodame som er alvorleg sjuk. Ho vart ramma av kreft i bekken og hofte, aggressiv kreftform. Fra å vere ei frisk og aktiv eldre dame, har det gått dramatisk fort nedover. Utsiktene såg bra ut før jul. Ho hadde godt mot, sjøl etter to operasjonar, og mannen og eit par søner gjekk aktivt til verks med ombygging av huset for å få på plass heis til ho kom heim og skulle starte på oppattreninga. Igår vart heisen montert, men det er usikkert om ho i det heile tatt vil få høve til å bruke den, seier mannen hennar, som eg hadde ein prat med i forgårs. No ligg ho på sjukeheimen, og det einaste dei kan gjere no er å lindre smertene.
Som sagt- hadde planlagt å besøke henne. Så eg ringte bort og bad personalet høyre om ho orka å ta imot besøk. Men idag var ho ikkje stri, veldig slapp.... så det vart ingen tur bort..... Kanskje ein dag seinare? Håper eg får høve til å besøke ho før ho er så dårleg at det ikkje går. Hadde tenkt å ta med cd med "the priests". Plata deira er utruleg herleg å lytte til. Trur ho ville likt den. Det må vere rart å vere komen dit at ein ikkje får særleg meir tid å leve... berre veker, kanskje? Håpe verkeleg at ho kan få ønsket sitt oppfylt: å få kome heim ein tur, og om muleg vere der den siste tida, sjøl om ho ikkje får brukt heisen.......
Ho var alltid så blid og pratsom, og vi hadde mang ein god prat over ein kopp kaffi. Stadig kom ho bort og kjøpte egg, og fortalde stolt om barn og barnebarn. Dessuten fekk ho og mannen reise ein god del, og det gleda ho seg veldig over. Vi var mange gonger borte på kaffi og god mat. Ein fin sommarkveld for eit par år sidan, kom dei att etter ein tur ut med bilen. Dei feira bryllaupsdag, og vi vart invitert inn til kake og god vin, og det vart mykje latter og løye, der dei mimra tilbake til kjærestetida. Godt å møte eldre som har eit varmt og vitalt forhold. Dei skulle fått meir tid ilag på sine gamle dagar. Men slik er livet. Godt at dei har fått ha eit godt forhold og gode dagar saman iallfall!! Det er uansett ein styrke når dei vonde dagane kjem..........
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar