onsdag 4. februar 2009

Batterilading før nytt oppdrag....

Geirmund og eg har nyleg hatt det store privileget å kunne bruke nesten to veker berre til oss to! :-) Og vi har nytt det i fulle drag......
Først reiste vi ei veke til Tenerife på Kanariøyane. Derfekk vi sol og varme, koslege spaserturar på byen der vi bodde, Puerto de la Cruz, slentra innom lokale restaurantar og nytte tradisjonelle kanariske matrettar. Vi fekk flotte fotturar oppe på fjellplatået ved Teide, Spanias høgaste fjell/vulkantopp på 3700 moh. Og vi fekk ligge og sole oss på hotell-taket med god litteratur eller musikk på øret. Ingen ting som hasta. Ingen som spurte etter oss. Vi sovna og våkna til bølgjebrus frå havet som slo inn på lavaklippene nedanfor rommet vårt. Åt frukost ute på verandaen kvar morgon. Bananlikør og den lokale kaffidrinken "seperoco" vart favorittane når vi tok eit stopp på ein fortauskafe. Kan ein ha det bedre?
Vel heime måtte Geirmund ta to arbeidsdagar på Høgskulen, før vi igjen trekte oss tilbake; denne gongen til vinterland på Bjorli. Her vart det peiskos, lesing, strikking, lange pratefrokostar, skiturar og pleiing av kvarandre med aromaterapi, eller å sjå ein god film, eller berre slappe av framfor peisen med ei god bok...... fantastisk herleg. Til og med mattillaging og oppvask vart skikkelege kosestunder.
Vi trengte det, alt saman og vi nytte det. No er vi vel heime igjen og tilbake i kvardagen, men det vi har hatt ilag desse to vekene har gitt kvardagen ein ny løft, ny energi. Snart klar for nytt oppdrag, men må få skreve rapporten ferdig først. Har feriedagar frå ifjor som eg bruker opp no, så "batteriladinga" blir optimal. Vel unt, seier eg til meg sjøl. :-)

Ingen kommentarer: