Adventstid, julehøgtid og nyttårsfeiring ligg bak. No har januar festa taket. Eg sit her og pustar ut etter alt, og kjenner roa sakte sig inn. Det kjennes godt å få kvilepause....... Jenta, som har bodd hos oss heile hausten, har flytta til fosterheheimen sin. Det ser ut til å vere ei vellukka overføring.
Ein dag i veka eg var til lege, stakk eg innom klebutikken i etasjen under legesenteret. Der hang det ei behageleg jakke med ein nydeleg, sval blåfarge. Eg prøvde den og kjende at den gjorde utruleg godt å ha på seg. Forunderleg, egentlig. Det vart ein spontanhandel utanom alle januarsalg (som eg ikkje har energi til å oppsøke!) No sit eg i blå hettejakke og strikkar på siste del av den andre blånissehua, som skulle bli ferdig til jul. Det er godt å sitte her med blått strikketøy i fanget.
Blått er blitt fargen som gir meg energi no i januar. Merkelege greier. Assosierer tilbake til eit bilde som Sigrid, dotter, malte i akryl, og stilte ut på Ungdommens kulturmønstring eit år. Det hadde tittel "Blue energy". Ho kom faktisk heilt til fylkesmønstringa med det bildet. Det gjekk i blått og oransje. (Akkurat den kombinasjonen er komplementærfargar i fargesirkelen.) Faktisk var eg i dagligvare rett etter blåjakkehandelen og ville ha meg ein god og frisk aromaterapi dusjesåpe: Det vart ei oransje Palmolive med sitrusduft :-) Passa perfekt den også! Reiste rett heim og dusja, ....nytte den herlege, friske duften, ...og tok på meg blå jakke etter badet!!
Nokre gonger kjenner ein ekstra tydeleg kva som er godt for ein, eigentleg ganske fascinerande. Korleis kan ein farge ha så mykje å seie?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar