fredag 21. november 2008

Mor og dotter, midt i livet....

Dette er siste dagen min her på besøk hos eldste dotter og dei to barnebarna, før eg reiser heim i kveld. Det er formiddag og ho er på skule . Borna er i barnehagen sin. Mens eg er att i leiligheta og har "prøvd" å ta att litt nattesøvn. Det er ingen spøk å vakne halvseks kvar morgon, til ein energibunt av ein to-åring, særleg når mor og dotter har vore ufornuftig og prata til langt på natt. Men du verda, kor koseleg det er å få vere mor og dotter og ha eit ope og varmt forhold. Det er ingen sjølsagt ting.
Ein kveld vi la oss, enda vi i krampe-fnising: Vi hadde lagt oss i storsenga etter ein god og lang prat i sofakroken, og vi var klar for å gli inn i søvnen si salige ro. Men det var "aktivitet" rundt oss på alle kantar: Gjennom opa dør til kjøkkenet høyrde vi brusen av oppvaskmaskina og på andre sida av soveromsveggen var intens susing frå tørketrommelen på badet, som hadde fått ein god porsjon klesvask innabords å blåse tørr. Som om ikkje det var nok, begynte ein aktiv og rytmisk knirkelyd i seng og golv rett over oss (Husvertinna hadde kjærestebesøk) ;-D ......Då tok fnisen oss! Vi låg og lytta til dette utruleg "spennande samansette lydmiljøet"vi fekk ha til byssanlull.....og det varte og det rakk, takta auka og minka, for så å auke igjen, og rett nedunder låg vi og vrei oss i fnisekrampe. Lurte på når dei kom gjennom golvet....;-p Trommelen susa og gjekk og oppvaskmaskina dura på med sin melodi. Ein spesiell kveldskonsert kan ein sei.....;-)
Det stilna no av, med både det eine og det andre. Klea vart tørre, koppane reine og dei to oppe fekk vel bra utbytte etterkvart dei også........:-) Innsatsen var det ingen ting å sei på iallfall!

Mor og dotter, ein uslåeleg kombinasjon, når det røyner på, i livet sine mange kast. No trengte jenta mor si, og mor trengte å vere hos jenta si. Samlivsbrot er ingen spøk, sjøl om ein er den parten som vel å gå ut. Og særleg når den andre parten misser gangsyn og forstand, og lager eit helvete. Det som såg ut som det var eit fredeleg brot, med fleksible avtalar, vart eit mareritt. I slike tider er det ikkje lett skulle bevare full fokus på barna og i tillegg handtere skulegang og jobb. Ein får prøve å stå han av, som ein seier, når stormen herjar som verst. Rette instanser er kobla inn, så får vi berre håpe at det roe seg etter kvart.

Geografisk avstand er stor mellom mor og eldstedotter, men hjerta er nær kvarandre, heldigvis!

"Making the decision to have a child is momentous. It is to decide forever to have your heart go walking around outside your body." (Elisabeth Stone)

Ingen kommentarer: