torsdag 23. oktober 2008

Sur morgon

I dag var det sur morgon i dobbel forstand. Veret var surt og jenta var nesten umulig å få på skule idag (har vore tiltakande vanskeleg) Trur eg brukte halve dagsporsjonen med energi berre til å prøve og "trykke på rette knappane" for å få jenta opp og igang, og, i neste tur, jobbe intenst for å få ho ut dørene og på skule. Idag hjalp det ikkje med noko. Ho var "låk i magen, kvalm og låk i haudet og ja, i det heile tatt" (sitat), som ho ofte er..... Jenta stupte ut døra med ein strek til munn, djupe rynker i panna, gjekk med sinte skritt vekk frå huset til skulebussen. Eg ringte kontaktlæraren og ba om at ho måtte få ei positiv oppmerksomhet idag, sidan ho ikkje finn motivasjon for å gå på skule..... og så ventar eg på at miljøarbeidaren skal ringe meg, så vi får snakkast om jenta og kva skulen kan gjere på si side i situasjonen. Kanskje får eg også ta ho til lege, på akutt time? Ja, ja, slik er det å ha barn her som slit.... stakkars, det er jammen ikkje greitt!

Etter slike stunder må ein kjenne godt etter kva som kjennest godt å gjere, for å kunne fylle oppatt energitapet og ta tak i dagen. Eg ringte ei anna beredskapsmor, og vi snakka litt om kva vi gjer når desse barna "våre" får sterk skulevegring. Ho delte sine erfaringar med meg og vi fekk ein god samtale. Etterpå åt eg frokost, brygga meg ein stor kopp med deilig, varm, velgjerande kaffe latte, sette meg i sofaen, tendte lys og strekte beina godt ut, pusta djupt og fann ei god ro. Det var faktisk berre herleg å høyre duren av vinden ute, sjå vassdropane frå regnet bli pressa bortover ruta, sjå dei vandre, falle, flate ut, slå seg i lag med andre til litt større striper, bølge og lage mange spennande rørsler på utsida av vindauget. Innafor, i varmen var eg, og kunne puste ut etter ein intens start på dagen.
Men no er dagen her, eg har fått telefon frå skulen, og dei tar tak, heldigvis. Så får vi sjå kva resten av dagen bringer. Vi tar tak i dagen, alle på kvar vårt vis! Og den kan bli riktig så god!!! - Til trass for ein særdeles sur start.....

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det e nesten utgjort kor mykje energi vi kan/må bruke på at andre skal komme seg opp og ut på morgonkvisten, når vi kanskje så sårt treng all energien sjølve.....iallefall no i denne mørketida. Men no skin sola utfør vinduet mitt og då kjem energien og livsgnisten strøymande tilbake!

Randi sa...

Ja, påfyll må til når der er store energilekkasjer! Då må ein vete med seg sjøl kva som fyller opp med energi, og nytte seg av energikjeldene.... :-) Sola er ikkje så verst den....!