Det var http://annebloggen.wordpress.com/
Den ga meg ny inspirasjon til å sjå på min eigen blogg. Min er foreløpig i forelda format, og eg har ei lita og treg laptop, så store endringer i format og spenst blir det nok ikkje med det første. heller ikkje tar eg mål av meg å skrive dagbok, men det blir kanskje heller nokre drypp i ny og ne.... time will show.
Idag var eg en tur ute på trappa for å oppdatere med eit foto fra dagen idag, akkurat slik den ser ut no, kjedelig og grå.... eller?
Om eg går nærmare, ser eg suvenirar frå ein kjekk fjelltur, i form av vakre steinheller, som er tenkt til innslag i den planlagte peismuren på stua. Vidare ser eg sommarens blomster-herligheter på hell, men fremdeles står dei der i pottene sine.... Ei lita keramikk skilpadde helsar velkomen på nederste trinn -eit lite signal om ikkje å haste så voldsomt.....
Den blå lykta med rustent "tak" står der og ventar på å bli tent og få anledning til å lyse opp i mørke haustkveldar.
Sjølve trappa har blitt høgtrykksspyla i haust, så dei mørke felta med grålav og alle dei små grøne mosefelta som sat på veggane mellom trinna er borte.
Og ser eg litt høgare opp, lyser ei nyoverhala ytterdør mot meg. Den er nylig sett på plass att, etter å ha blitt plukka fra kvarandre, sausa inn med linolje, og fått mange malestrøk utanpå. No skal den tåle mange kulinger frå sørvest og det som verre er.....
Sittinga på trappa er forlengst over for denne sesongen, og trappesittinga har tatt nye og klimatilpassa former, med større innslag av innendørsliv. Men mange gode minner fra ein god sommar ligg der og varmer framfor ein lang vintersesong.
Og imens koser vi oss innendørs. Og blir det fine stjerneklare kvelder, blir det nok samlinger rundt bålpanna ute, også utover i den kalde sesongen. Det skaper litt av samme funksjonen som trappesittinga i den lyse årstida.
Og her avslutter eg med gruket eg fann, egentlig i jakta på eit anna, men dette var også bra:
Om at leve i nuet -Et livsfilosofisk gruk
At leve i nuet er livets teknik –
og alle folk gør deres bedste,
men halvdelen vælger det nu, som gik,
og halvdelen vælge det næste.
Og det forrige nu og det kommende nu
bliver aldrig i livet præsente,
og alle folks levetid går sågumed bare at mindes og vente.
For det nu, som er gået, er altid forbi,
og det næste bliver aldrig det rette.
Næ, sørg for, at nuet, du lever i,
éngang for altid er dette.
Piet Hein
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar