søndag 13. november 2011

Fullmånekveld ved bålpanna ein vanleg torsdagskveld



Det er søndag kveld, og eg nyt innendørslivet, med god varme og tente lys, mens eg har jobba med oppgava mi og fått levert den inn på itslearning-plattforma. Har begynt på studie i veiledning og skal snart reise til Bergen på andre studiesamling. studie i 1/3 fart passer meg bra.



Men det eg ville fortelle om var torsdagskvelden:



Klokka 21 gjekk vi ut iført våre blå bobledresser og huer og fyrte opp i bålpanna. Tenkte at her får vi satse på å materialisere gruket om å leve i nuet. som tenkt, så gjort. Kvelden var nemlig utvalgt vakker, med fullmåne og stille og mildt vær. Heilt vidunderlig! Med ut blei også en termos med tyrkisk eplete og tre-fire koppar. Vi hadde ikkje site lenge, så kom ein av leige-gjestene på stabburet vårt heim, og vi inviterte han til å kome og vere med. Etter å ha henta seg ein tjukk genser kom han ivrig ut og fann seg eit sete og ein kopp med te. "Thanks for inviting to the fire", ....."It smells so good"



Og der vart vi sittande og prate om laust og fast, om skikk og bruk i Canada og Norge, og andre finurlige tema, med latteren og undringa, spøken og alvoret i skjønn forening, akkurat slik vi har det når vi sit på trappa.



Ein herleg og avslappande kveld!!

2 kommentarer:

Åsmund sa...

Hei
Det hørtes veldig koselig ut! Det er bra at de held fram med å sitte på trappa. Kjenner at eg saknar det når eg les dette. I dag har eg to volleyballtreningar og ein swahilitime foran meg, så livet er ikkje så verst her heller. Lykke til videre med studiet!

Klem frå Arusha

Randi sa...

Takk for kommentaren, Åsmund! Kjekt å få livsteikn frå deg, og vite at du har det bra. Fint også at du innrømmer sakn av dei gode stundene her heime: uteliv med natur og fellesskap, og bål som gode ingredienser. Det flotte er at kvar arena har sin kvalitet og styrke. Det gjeld å leve i notid og finne dei gode tinga i tilværet til eikvar tid. Det er du ganske god på- Hald fram med det! Flott å høyre at de er godt i gang og haustar erfaringar med å "vere og operere" i annan kultur. Det er spennande og lærerikt!! Ha ei fin veke og tid vidare. Helse teamkompisen din!