onsdag 25. mai 2011

Ny trappesesong er igang!

Siste innlegg på denne bloggen var i 2009, så det begynner å bli ei stund sidan her var bevegelse. Men no er det forlengst vår i 2011 og trappesesongen har allerede vore igang ei god stund. Den begynte egentlig i februar-mars. Men helst etter at snøen var borte fra trappa.....




I påska koste barnebarna seg på trappa med fotballspill.... (bildet)
Og no er det allerede sist i mai. Sånn sett er vi vel snart "midt i" trappesesongen.


Akkurat idag er det ikkje så fristande å sette seg ut, kaldt, vindfullt og litt regn.... Men så snart der er solgløtt, fell det seg ganske naturlig å rusle seg ut med ein te-kopp i handa og finne eit trappetrinn å sette seg på, gjerne med ei Røros-Tweed sitteplate under baken. Uten den ville nok trappesittinga hatt mykje kortare sesong:-)) GOD HELSE står det på den! Tja, ein får nok ikkje det berre av å sitte på ei trapp. Men den hjelper iallfall godt til med å holde på varmen, og det skal den få mange pluss for +++++

Apropos helse: Denne våren har eg fått ei tydelig påminning og brå oppvåkning i forhold til eigen helsesituasjon. Legen min kaller det ein "fem på tolv" situasjon, der eg må gjere noko sjøl NO, for å snu trenden, som ikkje er heilt god. Alternativet er å kjøre på med medisiner. Det er eit dårlig alternativ synes eg. "Gjere noko" vil sei: meir rutinemessig og bevisst satsing på trening og aktivitet, justeringer i kostholdet som kan luke bort helsefiendtlige uvaner.

No er eg altså godt igang, og med bra resultat: vekta går ned, blodtrykket går ned. Så får vi sjå korleis det er med kolesterol og glukosenivået. Mest trulig er vel der også ei gunstig utvikling, håper det.
Utfordringa no er å halde på dei nyinnarbeidde gode vanane.....

Kva eg gjer? Spring på fjellet vel! Annakvar dag. Ellers variert aktivitet, men fjellturane er faste! Justeringer i kosthald inneber: redusert saltinntak, mindre pasta og potet, heller grønsaker og salater til kjøt og fisk. Frukt og nøtter, juice og smoothies til kos. Slutt med søte drikker og potetgull, mindre kaffi og meir te. Mykje vatn og te.
Egentlig hadde vi ganske sunne vanar i huset i utgangspunktet. Det var berre snakk om å plukke bort nokre av dei få ødeleggande.....

Tilbake til trappa: No for tida er det ofte parkert møkkete hagestøvler og utesko der ute, og hagehansker og kanskje ein greinklippar eller anna hageredskap. Trappa har vore lite brukt til sitting siste tida. Det er for masse å gjere i hagen til å sitte nedpå, som de ser... (bilde nedanfor)


Men når Geirmund og eg kjem att frå fjellet slenger vi oss nedpå litt og roer pulsen før dusj....Og er kveldssola framme, blir den stunda ekstra laaang......
Det er godt å ha ei trapp som innbyr til pust i bakken, ro, utsikt, go'prat, latter og gode stunder.......

Ingen kommentarer: