mandag 11. mai 2009

Eit fadderbarn mindre......

Midt i vårlege aktivitetar og glede over ein sommar i anmarsj, fekk vi ein fredag for snart tre veker sidan telefon frå venner i Trøndelag om at 20-åringen deira har tatt livet sitt. Vi kunne ikkje tru det først, og heile helga gjekk med til å akseptere at det var eit faktum. Vesle vennen, som eg var med på fødselen til, vart seinare fadder til, og som var slik ein flott, kjekk og triveleg gut! Kven kan forstå slikt??? Og for ei smerte for foreldre og søsken!! Og venner! Og for ei maktesløyse, kan ikkje reverserast. Slutt, game over, finito, borte!!
Vi reiste oppover i gravferd. Ein vakker vårdag, med sol og fuglesong, stappfull kyrkje og eit vell av blomar... innimellom blomane var der einer, gran og gåsunger. Eit natur- og friluftsmenneske var han.
Ein smertefull, sterk og verdig avskjed med vår gode ven vart det. Men det fortona seg for meg, og sikkert for oss alle, så naturstridig, så feil, så intenst tragisk at han, den unge, spreke, gode guten skulle leggast i jord, samstundes som naturen ytra alle teikn på liv og vekst. Vi kan berre ikkje forstå det!!

Ein kvitveis med brukken stengel, midt i kvitveislia....., skulle stått der i full blomst, saman med dei andre.....i din ungdoms vår.... Vi må berre akseptere at han valgte som han gjorde, men å forstå det? Nei. Her er berre smerte og mange ubesvarte spørsmål...... Gud velsigne han, også i hans skjebnesvangre valg! Og fred med minnethans!

Måtte berre dele noko av smerta også, mens vi sit her på trappa og nyt våren!

Ingen kommentarer: