mandag 11. mai 2009

Hell og lykke med husmalinga vår.

Akkurat no er det surt og kaldt og våtsomt ute i våren, men vi fekk ei rekke med fantastisk fine og milde dagar etter påske. Vi hadde nemlig planlagt vasking, skraping og maling av hus, og gikk laus for fullt. Og veret var på vår side vidare, så vi fekk mala HEILE huset, inkludert samtlige vinduskarmar i 1.etasje. Litt treverk vart skifta ut; nokre vassbord og hjørnekasser. Har pr idag att berre vinduskarmar i 2.etasje, vassborda på eine kortsida og kjellardøra. Og no får vi bra ver igjen! Hipp hurra! Her er det berre å stå på.
Og mens det har vore surt og vått, har eg fått renska og rydda i både kleskap og diverse andre "lager". Men kan forsikre at det er langt att til å vere ajour!! :-(
-Får berre vere glad for kvar ein dag helsa held og eg får halde på. Dessuten var vi utrulig heldige som akkurat no fekk ei periode uten akuttplassering. Venter igrunn at det dukker opp et barn eller to når som helst. Og velkommen skal den eller dei vere! No er hovudjobben gjort! FEELGOOOOD!!

Ingen kommentarer: