mandag 7. september 2009

Blogging i rykk og napp

Her er eg att, etter ei lang bloggpause. Ein heil sommar har passert, utan så godt som eit lite kvidder i bloggen. Sommaren min har vore aktiv og sosial, med lite tid for meg sjøl og mine eigne ting. Det er både bra og ikkje bra. Bra, for at eg får brukt tid og energi på fellesskap og felles opplevingar. Det skaper glede og meining. Når eg seier ikkje så bra, så meiner eg manglande tid til refleksjon og ettertanke, og tid til eigne prosjekt. Så bra at hausten melder sin ankomst. så kan vi roe ned litt etter den yrande sommaraktiviteten. Alt til si tid..... Sjøl om vi ser ende på sommaren, seier eg ikkje heilt farvel. Tirsdag 1. september feira eg første haustdagen med eit herleg sjøbad ute i friske bølgjer på Blimsanden, saman med mannen min og jenta som vi har boande hos oss for tida. Har ambisjonar om fleire slike framover, men må då sikkert satse på korte visittar med høg oppvarmingsberedskap i etterkant. Ullteppebad? Rask heimkomst til ein varm dusj etterpå? Får hauste litt erfaring med dette........
Nyt stillheta om morgonen når alle har reist ut på skule og jobb. Då er det berre katten, hunden og eg att. Og vi kroar oss og har det bra! Kjenner meg priviligert som kan ha ein så fleksibel jobb. Idag skal eg gå gjennom filmar og videoar som skal sendast til digitalisering, samt skrive reiserekningar, og kanskje lage lettvinte wienerbrød, med oppskrift frå Hegra? Og litt klevask og rydding og......ikkje arbeidsledig idag heller!
Bok eg held på og les: "La meg synge deg stille sanger" Nokon som har lest den?

Ingen kommentarer: