Snart ein månad sidan sist eg blogga no. Her har gått slag i slag, med først ei jente på snart 17 inn dørene, med full pakke tenåringsjente-utfordringar, og ein kjæreste attpåtil..... Ho takka for seg etter vel ei veke. Hadde ikkje før skreve kontrakt med kommunen før ho var ute att. Dagen etter ho for, fekk eg melding om at ein liten 5 veker gammal baby skulle plasserast. To timar seinare var han på døra, ein liten skjønn "sjokolade-prins". Så no går det i flasker og bleier, mating og stell, trøsting og masssse kos! -Og frakting til samvær med mor....
Akkurat no er det overvekt av tenåringar og småbarn i beredskapsheimane her på Sunnmøre, og historiene bak plasseringane er sterke og dramatiske. Vi kjem tett på livet sine barskare sider med dette arbeidet....det er berre å innsjå. Vold i heimen, rus, psykisk sjukdom, flyktningetraumer, sosial einsemd og stigmatisering, fattige mentale ressursar, øydeleggande konflikter og elendige relasjonar: Det er vaksne som slit, og born som blir offer, i form av omsorgssvikt i ulike variantar. Noko av det påfallande, er at dette gjeld vanlege folk, rundt i lokalmiljøa, og at dei er ekspertar på å halde ting gøymt innafor husets fire veggar, med borna som lojale lidande partar midt i det heile. Det skal mykje klokskap til frå dei tilsette i barnevernet si side for å handtere sakene på ein god måte. I tillegg til ein statleg tiltaksberedskap som er variert og tilpassa behova. Det vart visst etter kvart ein arbeidsfagleg kommentar dette......
4 kommentarer:
Tenkte du hadde fått roa ned og tid til "trappa" no når babyen er på veg ut!
Det er bra med utfordringar og når det går i så store kontrastar, er det godt at kosen kan komme etter kverrulering....
God påske!
Ja,du har rett i det I-L. No er barnet levert, og flaskebutikken stengt inntil vidare...he-he. Rart å levere han frå seg. Men slik er det med oss beredskapsheimar, vi er på korte "besøk" i barnas liv undervegs til meir permanente omsorgstilbod.... Men no er d påskefri for oss, og vi koser oss her ilag medbarn og barnebarn:-) Idag har vi kosa oss ute alle, hatt med ut solbærtoddy på termos, og dei små har hoppa på trampoline til dei var dyvåte inni huene sine.
God påske til dåkke med!
Så lett var det altså, å finne ei åpen dør ut til trappa di. Jeg sniker meg ned på et trinn. Vet jo ikke om du er i ammetåken ennå eller om det har kommet et annet barn innom. Jeg syns du er tøff!
Her er kvelden kommet og lyset har blitt mildere,- i går satt vi i stua og så sola gå ned i havet kl.22.30, nydelig rød bue som spant fra sola og opp, snakk om kunstutstilling!
Det er godt på mi trapp og, i dag har den vært full av hageredskap og Marte på 13 har vært her og rydda i bed, spist og sovet middag på sofaen,- fint for ei reservebestemor,-
god natt, min venn
Ingrid
Kjempekoselig at du fann veien, slo deg ned på trappa og fortalte litt frå DIN utsikt, og våren din der nord :-) Høyrest fantastisk ut både med "kunstutstillinga" og ei trapp full av hageredskaper; tyder på trivelig aktivitet.... Hels din kjære så mykje!
Legg inn en kommentar