onsdag 4. mars 2009

Å ta ned ein vev
















Har nylig klipt ned det eg har vevd på i ei periode. Og det opplevdest veldig rart.... køyre saksa bort over og kutte alle trådane som har vore med og bunde saman innslaga eg har gjort framover gjennom fleire årstider og fasar. Dermed er det sagt at dette veveprosjektet ikkje vart unnagjort i ein fei...

Motivasjonen for å sette den opp i stua den gongen for tre år sidan (hjelp :-O, er det sååå lenge sidan?), var rett og slett for å friske oppatt den praktiske vevinga eg meinte å kunne noko om, men sist, og ikkje minst, overbevise meg sjøl, om at hendene kunne duge til noko, trass smerter og betente ledd. Eg var i ei svært tøff fase i livet, med ein sjukdom på frammarsj, som eg ikkje visste korleis ville påverke livet mitt, anna enn at den allereie hadde skapt dramatiske endringar i negativ retning. Handledd og fingrar var krøkte, kraftlause og smertefulle, og resten av kroppen verka som eit helvete, særleg når eg var i ro, skulle sove....kvilesmerter kan vi kanskje kalle det....Gjekk på sterke smertestillande, men verka likevel. Skulle noko hentast opp frå golvet, måtte det planleggast nøye, med mjukt underlag for kneet (pute?). Å sette seg på huk var ikkje å tenkje på ein gong. Deretter var det å sørge for at eg hadde to plassar å støtte meg/halde meg fast med hendene, så eg kunne ha sjanse om å kome meg oppatt. Å spele piano eller gitar var berre å gløyme, det same gjaldt skriving og det meste av handarbeid.... Men veven ville eg ha opp. Den var eit ledd i ein eigenprosess som skulle gje meg mot og håp midt i det som var vanskeleg. Og veven kom opp, og eg kosa meg veldig med å planlegge, kjøpe inn rennetråd, renne, sette opp veven, sveipe, tre hovlar og veveskei, knyte fram og knyte ned. Heile prosessen, fram til det å kunne sette seg på vevekrakken og sende skyttelen att og fram og la slagbordet gå.....var ein fantastisk god terapi i tunge tider. Sidan fekk eg høve til å veve løparar til langbord og matter til golv. Men det tok tid, og lange periodar sto veven der berre til pynt og som miljøfaktor i stova.



No er eg altså komen til ende på renninga og har klipt den ned... Det er nesten som ei konkretisering av eit lite stykke levd liv, ei epoke, ei fase, som no blir tilbakelagt. Veven er stabla ned i kjellaren, og eit langbord/arbeidsbord har fått plassen der vevstolen sto. No er det andre ting som skal foregå for ei stund...



Men vevstolen er ikkje parkert der for lang tid. Håpet er å få tid, helse og høve til å sette den oppatt på eit loftsrom når det blir ledig, og planlegge lekre tekstilar, gjerne ilag med nokon....



Akkurat no er det forresten knyting av rennefrynser på veveria eg har rulla ut som gjeld..... kosar meg og minnast opp tidene eg sat der og vevde dei....




Fekk forresten god hjelp av katta innimellom;-) Sjå snutten nedanfor:









2 kommentarer:

Anonym sa...

Sikkert en del arbeid me å ta ned den der, ja:) Den e jo stor!
Hehe, viss dåkke ska ta vekk veven, så fjerne dåkke friplassen te katten og...

Anonym sa...

Lyt vel komme å sjå ka slags arbeidsplass som he erstatta veven... e d like kreativt:-)?