Det er vår, eg rakar i hagen, påskeferien ligg framføre, veret er fantastisk, sjøl om lufta er
kald.
Sidan sist har mange ting skjedd i familien min og livet mitt. Ei av dei store og gledelege tinga er at Åsmund, eldste sonen vår, har flytta hit på tunet med si kjære Sofie og vesle dottera deira,Ronja, som i skrivande stund er 1år og 5 månader.
Det er til ubeskrivelig berikelse at vi no er 3 generasjonar som boltrer oss slag på tunet. Her er eit lite glimt frå ei herleg morgonstund, der mor og dotter mater endene:
Det er mange har på tunet som skal ha sin "morgenmad"- et 20-tals høner, 6 ender, 3 katter og ei kanin.....og egg får vi tilbake, både frå høner og and....så mange at Sofie selger ferske egg til interesserte.
Snart blir det også pastellgrønne egg i paletten.....
Det er mangt å fortelle om og dele, men det får vere med dette for no. Kjem tilbake med meir.....


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar