Då har eg funne fram att min gamle mosegrodde blogg, oppretta i 2008. Her har eg altså ikkje gitt "lyd" frå meg siste to åra. Sist eg var inne og skreiv var nyttår 2012.
Men etter at eldste dattera starta å blogge om livet med whippet-kvalpen Dita, vart eg inspirert til å finne fram igjen min eigen blogg. Sette meg ned i kveld og kika gjennom. Det er jo reine historieboka. Men meir enn som så: Ei rekke små vindu inn i mi verd og nokre av mine kvardagsopplevingar -og funderingar. Egentlig ganske artig å sjå tilbake.
Men no er no.
Tid har gått, livet ser annleis ut no...
Trur jammen eg skal ta opptatt bloggtråden....
Facebook har fått mest fokus av meg den seinare tid, kanskje fordi der er rask og umiddelbar respons å få, i tillegg til at eg raskt og lett kan lese andre sine veggpublikasjonar. Det blir ein stad for lett og humoristisk utveksling. Men det erstattar ikkje blogging. I ein blogg kan ein gi seg litt meir tid og kanskje reflektere over dagen sine hendingar, eller sette ord på ting ein er oppteken av.
Blogging kan brukast til så mangt i våre dagar, alt frå mote/mat/hage og andre særinteresser via politisk kommentar til deling av kvardagen med alvorlig sjukdom.
Min blogg, tja, den får vel fortsatt vere ein invitasjon til kvardagslege filosoferingar og fanging av små augneblink, åleine eller saman med nokon, her på trappa...
Ser deg seinare da.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar